Fem Høns

Fem Høns

Fem Høns er butikken der du finn noko for ein kvar smak. Me tilbyr kundane våre eit stort utval innan interiør, klede og matvarer.


Me fører både ukjende og kjende merkevarer, som Cooee Design, Hübsch, House Doctor, Laura Ashley, Nicolas Vahé, Sögne og Willow Tree.


Utvalet er stort, og du finn alt frå små interiørartiklar, lysestakar og vasar – til puter, pledd, lampar og småmøblar.


Me har også ei klesavdeling med mykje fint frå blant anna 2biz, Jeans by Bessie og Freequent. Her finn du og accessories som vesker, sjal, huer og hanskar.


Matavdelinga vår er populær, og me hjelper deg gjerne med å setja saman flotte gåvepakkar. Det er mykje godt å velja i! Kva med smakfulle oljer, trøflar som smeltar på tunga, bruschetta eller spanande krydder?


Me har enkel tilkomst frå gateplan nede i Osen, med gode parkeringsmoglegheiter og eit stort lokale som bognar av freistande interiør- og gåveartiklar, klede og matvarer.


Og du, me tilbyr flott gåveinnpakking!


Velkomen innom og bli inspirert!