Rein Hud- og Hårhelse

Rein Hud- og Hårhelse

Me er ein salong med 3 kreative damer innan frisør og hudpleie, Benedicte, Inger Beate og Line. 

 

Benedicte er eigar og dagleg leiar på salongen. Ho utdanna seg innan hudpleie i 2007 og fekk svennebrev i frisørfaget i 2012. Benedicte er særs god på bryn og har spesialisert seg på dette. Farge av hår er òg ei av behandlingane ho elskar.

 

Inger Beate og Line har òg svennebrev og spesialiserer seg innan dame- og herreklipp, foliestriper og krøller.

 

Rein hud- og hårhelse vart etablert i 2019 og held til på Bytunet i 1. etasje. Me tilbyr alt innan hår- og hudpleie som voksing, bryn, vipper, farge, striper, klipp, styling og negledesign. Me er oppteken av at hud og hår skal få optimal pleie, og at kvaliteten er bra. Produkta me fører innan hår er Kevin Murphy, K18 og Miriam Quvedo. Innan hudpleie fører me Dr. Schrammek, Exuviance og BareMinerals.

 

Me elskar jobben vår og er veldig takknemleg for at me får holde på med det me likar og kan.

 

Hos oss blir du godt ivaretatt, med god kvalitet på både behandling og produkt. Me ønsker både nye og gamle kundar velkommen til oss!

Rein Salong
Rein Hud, Hår og Helse1
Rein Hud, Hår og Helse2
Rein Hud, Hår og Helse3