Stord Naturkost

Stord Naturkost

Naturkost har vore i sentrum i over 20 år, og er lokalisert i første etasje i Stord Helsepark.

 

Me er din spesialist på økologisk velvære, mat og te, hygiene, kosttilskot og supermat. Butikken har eit stort utval av økologiske varer til folk i alle aldrar.

 

«Du er det du spiser» - og nettopp derfor er me i Naturkosten opptatt av at kroppen bør få rett drivstoff. Produkta som me fører i butikk er ikkje bare bra for helsa di, men gjer også livet ditt rikare med gode smaksopplevingar. Våre økologiske matprodukt er reine – og utan kjemiske tilsettingsstoff smakar maten rett og slett betre.

 

Me hjelper deg gjerne med vegleiing innan kosthald, og set alltid pris på ein god og innhaldsrik prat om mat og kropp.
For oss er det viktig å ha fokus på miljø – alle kan bidra!

 

Følg oss gjerne på Instagram @stord_naturkost og Facebook @stordnaturkost for å få med deg alt det spanande som skjer hos oss framover! Me skal blant anna arrangera smaksprøvedagar der me tilbyr å smaka på kaker, me skal ha ulike innlegg i rubrikkar som «Visste du», «Kampanjar», Coach Conny Bloch med meir. 

 

Ønsker du Klikk & Hent så er butikken knytt til Kinsarvik sin butikk.

 

I butikken treff du Ida Marie, Maria eller Conny.

 

Me gler oss til å sjå deg på neste handletur i sentrum!