Parkering

Parkering


På offentleg parkeringsplass i Leirvik sentrum er det gratis parkering ved bruk av parkeringsskjeve.Unntak for gratis parkeringer kjøpesentera Bytunet og Amfi og i underetasjen på Bachertunet (NAV/Stord sjukeheim), desse er avgiftsbelagt. Det er tidsbegrensa gratis parkering på inntil to timar i sentrum, inntil 8 timar på Vabakkjen og inntil 10 timar i Sæ. Tidsbegrensinga gjeld også for elbilar og personar med HC-kort.


Parkeringsskjeve

Parkeringsskjeve får du kjøpt i mellom anna Rådhuset (kr. 20,-) og eit par andre stader. Når du parkerer skal du angje tidspunktet du parkerer bilen. Parkeringsskjeva skal ligga godt synleg i bilruta.



Tider for avgiftsparkering


Måndag – fredag: 07 – 19
Laurdag: 07 – 17



Ladeplass for elbilar

På Leirvik finn du ladepunkt ved KSE-bygget vis-a-vis SKL og på AMFI.
(Henta frå Stord kommune sine heimesider)